Variations
Artikelnummer
C3985
Kompositör
Kalvanes Tord
87 kr
Salmen Eg veit i himmerik ei borg er ei omsetjing av Bernt Støylen frå 1905, dels etter den tyske salmen Ich weiss ein ewiges Himmelreich og dels etter H.C. Sthens omsetjing av samme salme, Jeg ved et evigt Himmerig, frå 1600-talet, som igjen byggar på ein tysk folkemelodi. Den norske melodien er ei folketone frå Hallingdal og teksten er ein samtale mellom Jesus Kristus og menigheten. Melodien til Ich Weiss ein ewiges himmelreich har ei anna melodisk kurve enn den norske salmen, sett bort frå fraseavslutninga. Med diverse undersøkingar har eg forsøkt å finne teksten til den tyske salmen, men utan hell. Jeg ved et evigt Himmerig er nr. 555 i "Den danske salmebog". Tekststavingane her passar riktig nok saman med den tyske tittelmelodien, og difor har vi i forkant av orgelstykket valt å legge inn eit songutdrag av tittelmelodien med dansk tekst og den norske salmen. Medsolist er Marius Nilsen. Tekstutdrag av salmane: Jeg ved et evigt himmerig: Vers 1: Jeg ved et evigt Himmerig , som ej med guld det røde omdraget er så prydelig, men med Guds ord det søde. 2: Der bor min Herre Jesus Krist, som er Guds Søn den fromme, han al min tillid er for vist, har bedt mig til sig komme. 9: Thi lad os takke mindelig vor Fader alle sammen, for han os åbned Himmerig ved Jesus Kristus, amen! Eg veit i himmerik ei borg: Vers 1: Eg veit i himmerik ei borg, Ho skin som soli klåre, Der er kje synder eller sorg, Der er kje gråt og tåre. 2:Der inne bur Guds eigen Son I herlegdom og æra, Han er mi trøyst og trygge von. Hjå honom eg skal vera. 10: Me takkar deg til evig tid, Vår Herre, alle samen, For du er oss so mild og blid I Jesus Kristus! Amen. Tord Kalvenes, 30.09.2016